|
|
| |
 |
|
«Når tenarane Mine spør deg om Meg, er Eg visseleg nær.
Eg lyder bøna til søkjaren som ropar på Meg. Lat dei so
høyre kallet frå Meg og lite Meg, so dei kan
rettleiast.»
gjerings-stoda
2:186
Zekr er å hugse Gud, og som professor Angha tyder det
ut, er Zekr fyrste steget på kjærleiksvegen, for når me
elskar einkvan, likar me å ta opp att namnet på den me
elskar, og me tenkjer og hugsar på dei med jamnen.
I sufismen sameinar det å kalle Guds namn kroppen,
tunga, hjarta og hugen i fullkomen harmoni ved å seia
fram dette eine.
Det
er viktig å forstå at munnleg oppattaking av eit ord, om
det so er i Guds namn, ikkje kan gje medvit om kunnskap.
Zekr eller hugs lyt starte i hjarta og breie seg ut til
resten av vera. |
|
 |
Under messesongen bør du lata att augo og leda
overkroppen seint frå side til side. Rette rørsla er frå
vinstre til høgre og høgre til vinstre. Samstundes lyt
du òg slå varleg på knea med lóven, med di kneet er eit
av dei viktige energisentra i kroppen. Det viktige
føremålet med rørsla av overkroppen er å laga eit
uendeleg-teikn med senter i hjarta.
Når augo skodar inn i hjarta, lippene seier fram namet
på den Elska og øyro ikkje høyrer anna enn namnet på den
Elska, vert ein jamt mint på dei ulike stega i vera.
Sansane, den fysiske rørsla, orda, den åndelege kjensla,
det mentale sambandet, attåt å slå lóvane på knea,
fullgjer den sameinte påminninga om dette hugset. |
|
1.M.T.O. (1997). A Sufi Celebration, The Blossoming of an Era. M.T.O. Shahmaghsoudi, California State University, Sacramento. p.7. |
|
|
|