Khaneghah

       
SITE SEARCH

Heim

Læking

Erfan

 Zekr

Kontakt     

Sitemap

 

                 Khaneghah           

          Arkitektur                  

                   Tidsskrifter           

 
 
 
Ein av dei viktigaste sufi-lærdomane ein salek (eller leitar) lyt praktisere, er å samle all energien sin og konsentrere han på livskjelda i hjarta. «Khaneghah» som bokstavleg tyder «Huset i noet», hjelper leitaren med å leggje unna all kunnskapen og meiningane han er komen fram til, og med å finne den medfødde kunnskapen innanføre, samstundes som han røyner den sanne meininga med å vera til stadar i NOET.

Alle M.T.O. Shahmaghsoudis khaneghahar, same kva storleik eller form dei er, har ei stor sentral hall. Hazrat Pir held førelesingar, meditasjonsklasser, Zekr eller messesong, i tillegg til sufi-feiringar i denne halla. Innsida av Sydney Khaneghah til dømes er prydd med vakker islamsk/persisk kalligrafi og spegelinnfellingar.

Når han går inn i ein
khaneghah lyt leitaren ta av seg skorne og setja dei att ute. Dette symoliserer at det er naudsynt for leitaren å leggje att alt overskytande og alle tilknytingar og verte vis med den ibuande kunnskapen fri frå ytre band. Å ha på seg eit einfelt kvitt klede utan mønster symboliserer òg reinleiken, freden og roa leitaren set seg som mål å nå.

Khaneghah er ein stad der den åndelege leiaren er til stadar og hjelper til med å undervise og rettleie dei som leitar etter det sanne sjølvet attom alle sjølvgjorde og sanselege grenser.
medita

Den noverande sufi-meisteren

 Molana-al-Moazam, Hazrat Salaheddin Ali Nader Shah Angha, òg kjend som «Hazrat Pir», er den 42. sufi-meisteren av Maktab Tarighat Oveyssi Shahmaghsoudi (skule for islamsk sufisme) og rekkjer røtene sine gjennom ei ubroti line av etterfylgjande sufi-meistrar attende til profeten Muhammed, Amir-al-Momenin Ali, og Oveys Gharani som fekk godkjend den indre sannkjenningsvegen sin av profeten. Endå han aldri møtte profeten andlet mot andlet, var Hazrat Oveys Gharani like fullt ein av elevane hans, og gjennom eit sterkt åndeleg band greidde han å lære sufi-gjerda.

Hazrat Pir vart fødd i Teheran, Iran, sundag 30. september 1945, same dagen som ein av dei heilagaste dagane for muslimar, Eid-e Ghorban til feiring av Hajj.

Hazrat Pirs kunnskapar er ikkje avgrensa til dei esoteriske læregreinene og heilage vitskapane (t.d. Jafr [vitskapen om bokstavar og tal] osb.), men femner om andre emne òg, medrekna: fysikk, matematikk, astronomi, astrofysikk, kvantemekanikk, biofysikk, filosofi, poesi, og arkitektur.

Hazrat Pir har skrive meir enn 50 bøker, både prosa og poesi. Nokre av verka hans er lista her:

Utviding og samantrekking i vera (Dahm), Fred, Masnavi Ravayeh, Openberring (Elham), Sufisme: brua mellom religionane, Sufisme: røynda i religionen, Sufisme og tru, Lovnaden som nærmar seg, Angen av sufismen, Førelesingsserien: Sufisme, Sufisme og fred, Sufisme og kunnskap, Sufisme og visdom, Sufisme og Islam, Det løynlege ordet, Teori «eg», Kviskrande stunder: Inspirasjon.
 

 
   
 
©2007. M.T.O. Shahmaghsoudi. All rights reserved