Erfan

       
SITE SEARCH

Heim

Læking

Erfan

 Zekr

Kontakt     

Sitemap

 

                 Khaneghah

Arkitektur                  

                   Tidsskrifter           

 
 
 
 
 

«Erfan, som i Vesten vert sett lik sufismen, dreg seg i si sanne meining om røynda i religionen, og nykelordet aref (sufi) viser til ein person som fullt ut kjenner til røynda i religionen. Erfan står for sannkjenning og medvit. Sannkjenning og medvit tyder her å skilja Gud ved indre syn og å verte vis med hjarta, heller enn ved å tenkje og slutte seg til noko»1

Ein salek er ein som vil finne sanninga i vera si. Som dei heilage profetane har lært oss, kan ein ikkje kjenne denne absolutte kunnskapen ved å granske bøker. Ja, profetane sjølve kom til å finne sanninga gjennom indre openberringar som so vart nedsette i ord som skrifter og heilage bøker.2

Kvart menneske treng og lyt finne sanninga for seg sjølv, med di prosessen er individuell. På same måten som me ikkje lit på andre å eta og puste for oss, kan me heller ikkje lite på andre å gje oss ei sann og fullkomi forståing av religionen vår. I staden er det me som einskildmenneske som lyt røyne røynda i vera vår for oss sjølve.3

Dei grunnleggjande men viktige prinsippa i sufismen som ein treng for å nå det endelege målet om sjølvkjenning, slik dei er oppdregne i boka «The fragrance Sufism»4, er desse:

medita
  • Zekr; som tyder å hugse Gud allstøtt: «Hugsar de Meg, skal Eg hugse dykk.» Den heilage Koranen

  • Fikr; som tyder å tenkje og meditere; halde fast på sanninga i meditasjonen for å nå til-inkjes-gjerings-stoda.

  • Sahar; som tyder å vakne; oppvakning av sjel og kropp gjennom læra til piren eller meisteren.

  • Jui’I; som tyder å lengte og svelte; vera inderleg fus etter å ta imot sanninga, og halde hjarta og hug budde på at løyndomane i hjarta og openberringane skal nækjast.

  • Sumat; som tyder å vyrde togna; halde opp å tenkje og tala om verdelause ting, reinse hjarta frå tråer.

  • Suam; som tyder å faste; faste kroppen, hugen og hjarta.

  • Khalvat; som tyder å vyrde einvera; beda i einvere både utvendes og innvendes.

  • Khidmat; som tyder å tene og vera i teneste; løyse seg opp i veresanninga, Gud.

1. Angha, S. (1986). The Mystery of Humanity – tranquility and survival. Lanham, Md.: University Press of Amercia, p.1

2.M.T.O. (1997). Maktab Tarighat Oveyssi Shahmaghsoudi (School of Islamic Sufism). M.T.O. Shahmaghsoudi, USA. p.12

3.M.T.O., 1997, n2.

4.Angha, N. (1996).The Fragrance of Sufism.University Press of America, INC.USA.

 

 
   
 
©2007. M.T.O. Shahmaghsoudi. All rights reserved