|
Sufi-arkitektur er avleidd frå og speglar att prinsippa
og lærdomane i sufismen. Det er derfor, som med alle
andre fag og ekspertisefelt, at det overflatiske og
flytande augkastet frå ein umedviten åskodar aldri fullt
ut kunne koma til å forstå og setja pris på den djupe
kunnskapen og den tilsikta bodskapen som vert målboren
til åskodaren. Det er av denne grunnen det er naudsynt
med ein stutt bakgrunn i og forståing av sufismen for å
sannkjenne dei løynlege og mystiske sidene av
sufi-arkitektur.
Eit viktig og umissande formål med ulike kunstverk er å
uttrykkje og målbera ein serskild idé, omgrep eller
ideologi. Sufi-arkitektur er ei eineståande vakker og
innfløkt kunstform som stettar dette formålet ved å
uttrykkje fysisk dei mystiske løyndomane i vera gjennom
serskild bruk av slik kunnskap som matematikk, geometri
og astrologi.
Eit av hovudmåla i sufismen er å verte vis med og dyrke
gøymde gåver, mogelegskapar og evner.
Gjennom sufismen finn studentane sine eigne indre gåver.
Denne same skaparflyten kjem òg fram og ovrar seg i
forma på sufi-kunst og -arkitektur. |