|
Zekr
Zekr er å hugse Gud, og som professor Angha
tyder det ut, er Zekr fyrste steget på kjærleiksvegen, for når
me elskar einkvan, likar me å ta opp att namnet på den me
elskar, og me tenkjer og hugsar på dei med jamnen.
I sufismen sameinar det å kalle Guds namn kroppen, tunga,
hjarta og hugen i fullkomen harmoni ved å seia fram dette
eine.
Det er viktig å forstå at munnleg oppattaking av eit ord, om
det so er i Guds namn, ikkje kan gje medvit om kunnskap. Zekr
eller hugs lyt starte i hjarta og breie seg ut til resten av
vera.
Under messesongen bør du lata att augo og leda overkroppen
seint frå side til side. Rette rørsla er frå vinstre til høgre
og høgre til vinstre. Samstundes lyt du òg slå varleg på knea
med lóven, med di kneet er eit av dei viktige energisentra i
kroppen. Det viktige føremålet med rørsla av overkroppen er å
laga eit uendeleg-teikn med senter i hjarta.
Når augo skodar inn i hjarta, lippene seier fram namet på den
Elska og øyro ikkje høyrer anna enn namnet på den Elska, vert
ein jamt mint på dei ulike stega i vera. Sansane, den fysiske
rørsla, orda, den åndelege kjensla, det mentale sambandet,
attåt å slå lóvane på knea, fullgjer den sameinte påminninga
om dette hugset.
|