|
Sufism
«Erfan, som i Vesten vert sett lik
sufismen, dreg seg i si sanne meining om røynda i
religionen, og nykelordet
aref
(sufi) viser til ein person som fullt ut kjenner til
røynda i religionen. Erfan står for sannkjenning og
medvit. Sannkjenning og medvit tyder her å skilja Gud
ved indre syn og å verte vis med hjarta, heller enn ved
å tenkje og slutte seg til noko»
|
|
Ein salek er ein som vil finne
sanninga i vera si. Som dei heilage profetane har lært
oss, kan ein ikkje kjenne denne absolutte kunnskapen ved
å granske bøker. Ja, profetane sjølve kom til å finne
sanninga gjennom indre openberringar som so vart
nedsette i ord som skrifter og heilage bøker.
|
Kvart menneske treng og lyt finne
sanninga for seg sjølv, med di prosessen er individuell.
På same måten som me ikkje lit på andre å eta og puste
for oss, kan me heller ikkje lite på andre å gje oss ei
sann og fullkomi forståing av religionen vår. I staden
er det me som einskildmenneske som lyt røyne røynda i
vera vår for oss sjølve.
|
|
|
Angha, S. (1986). The Mystery of Humanity –
tranquility and survival. Lanham, Md.: University
Press of Amercia, p.1 |
|
|
 |
|
M.T.O. | Sufi Association US |
Sufi Society UK | Sufi Association Germany | Intro
Copyright
©2004-2008. M.T.O. Shahmaghsoudi. All rights reserved |
|